Velkomen til Utne Grannalag!

 

 

 

 

Kjære bygdafolk

 

Etter mykje om og men kjem me no inn på heimesida til grannalaget igjen. Den har ikkje vorte oppdatert på nokre år grunna vankunna hjå skrivaren på sida. Spørsmålet er om me skal fortsetja med sida vår eller om me skal kutta den ut? Brukar de sida?

 

 

 

 

 Er det nokon som har bilete av huset utvendig og innvendig so er det av interesse. Styret håpar å få lagt ut bileter her på heimesida vår.

 

 

 

Er det ein ide at grannalaget får e-post adressa til dei som har det slik at me kan senda informasjon den veien??

 

 

HJELP OSS MED Å VERA KREATIVE!!!

 

 

 

Kjære sambygdingar

 

Viss det er nokon der ute som set på gode gamle historier, sangar eller liknande, vil me svært gjerne ha det inn på heimesidene våre. Bjarne Johannes har skrive mykje fin lokalsoga i forbindelse med turstiane, dette vil me ha meir av. Mykje god lokalsoga er i ferd med og forsvinna, me ynskjer og ta vare på det. Finn fram penn og papir og skriv til oss. Me vil prøva og samla informasjonen på heimesidene.

 

 

 

 

 

 

Nyhende

 

 

 

 

 

 

 

Utne Grannalag